NETTARKIV

Roser i november

6. des. 2001 - 10:43

Isroser på biltak.

Dette bildet er tatt ein kald, klar novemberkveld i Oslo. Bildet viser rimfrost på eit biltak og kvar 4-5 bil i området var dekt av slike sølvglinsande roser. Kvar flate på bilen hadde sine spesielle roser og mønsteret varierte og frå bil til bil. Dei andre bilane i gata hadde vanleg rim på seg.

Det hadde regna kraftig om morgonen denne novemberdagen. Utover ettermiddagen og kvelden blei det klart, kaldt og mest vindstille, og det la seg eit rimlag over alt på bakken, på vegen og på bilane.

Når vassdamp frys direkte til is blir det danna 6-kanta krystall. Nye iskrystall bind seg til ein av sidene på det krystallet som alt ligg der og slik held det fram. Vanlegvis blir alt kaos og det heile blir sjåande ut som sandpapir. Men some gonger bygger desse krystalla seg ut etter visse mønster og vi får dei flottaste roser på biltak, vindusruter o.l.

Kvifor dette skjer berre av og til veit ein ikkje, men kanskje har det noko med forholdet mellom temperatur, fuktigheit og bevegelsar i lufta å gjera?

Olav Høgetveit

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.