NETTARKIV

Pris og konkurranseevne

15. feb. 2001 - 22:35

Først av alt bør det påpeikast at sola tilfører den norske bygningsmassen omkring tre-fire TWh nyttbar varme kvart år. Dette er passiv solvarme som vi får gratis inn gjennom vindauga. Med dagens energiprisar tilsvarer dette ein verdi i området to milliardar kroner. I Norge har vi rimeleg bra solinnstråling samtidig som vi har eit oppvarmings- og varmebehov (om våren, sommaren og hausten). Det er det som gjer at potensialet er stort sjølv om vi bur langt mot nord. I motsetjing til det mange synest å påstå!

Gjennom fornuftig arealplanlegging, riktig bruk av bygningsmateriale og

god arkitektur er potensialet for passiv solvarme stort i vårt land. Dersom passiv solvarme erstattar ytterlegare 15 prosent av oppvarmingsbehovet i 80 prosent av alle nye bustader som blir bygd over ein 30-årsperiode, er potensialet minst én TWh/år “ny” solvarme innanfor 45 øre/kWh spart energi.

Aktiv solvarme er teknologi for å utnytte ein større del av solvarmen, ofte i kombinasjon med eit varmelager. Anlegga kan vere tappevatnanlegg eller kombinerte varmeanlegg. Med dagens teknologi vil typisk meirinvestering pr. kWh/år ligge på 8–10 kroner for enkle tappevatnanlegg til ned mot 2,5–3 kroner for store anlegg forutsett at vannbårent varmeanlegg er installert. Typisk energipris for eit aktivt solvarmeanlegg til ein einebustad vil vere omkring 50 øre/kWh for ein soldekningsgrad på 20 –30 prosent. Potensialet for aktiv solvarme i tilknytting til dagens bygningsmasse er reikna til å vere 3,6 TWh/år.

El-kraft frå solceller er relativt dyr samalikna med solvarme. Frå eit energiøkonomisk synspunkt eignar solceller seg framleis best til

spesialapplikasjonar og anlegg utan nett-tilkobling. Det er viktig at ein ikkje bruker prisen på solceller som utgangspunkt når ein skal snakke om potensialet for solenergi. Det er nemleg solvarmepotensialet som er interessant for norske forhold i ein energiforsyningssamanheng. Som vist ovanfor er prisen på aktiv og passiv solvarme allereie privatøkonomisk interessant.

Ei prissetjing på elektrisk kraft som tek omsyn til produksjons- og

overføringskapasitet samt miljøpåverknader er viktig for at marknaden for ny fornybar energi skal utvikle seg naturleg. Eit sentralt virkemiddel vil vere å innføre døgnvariabel eller timevariabel tariff på elkraft. Det vil gjere fleksibel oppvarming kombinert med eit varmelager privatøkonomisk attraktivt, utan at det gjennomsnittlege prisnivået for elektrisk energi blir høgare. I eit vannbårent fleksibelt varmesystem er solenergi ei konkurransedyktig energikjelde.

Med sitt høyringsutkast til ny forskrift om nett-tariffar legg NVE diverre opp til sesongvariabel tariff. I motsetting til timebasert tariff vil sesongtariff redusere

konkurransekrafta til anlegg med varmelager og dermed forsinke utviklinga av marknaden for solenergi og ny fornybar energi. Energikundane vil også få høgare energikostnader med sesongtariff enn med timetariff fordi korttidsregulering av effektuttaket ikkje blir lønnsamt. Det synest som om NVE ikkje tek slike omsyn i forslaget til ny forskrift.

Artikkelen fortsetter etter annonsen
annonse
Innovasjon Norge
Trer frem med omstilling som innstilling
Trer frem med omstilling som innstilling

Rolf Jarle Aaberg

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.