ARKIVNYHETER

Oppstart for T-forbindelsen våren 2009

20. juni 2008 - 14:43

Prosjektet vil gje nytt vegsamband mellom Karmøy, Haugesund og Tysvær kommunar i Rogaland og omfattar eit nytt samband aust-vest og eit nytt samband nord-sør.

Heile utbygginga er rekna å koste i alt 1,44 milliardar kroner. I tråd med vedtak på fylkes- og lokalpolitisk hald skal prosjektet finansierast ved ein kombinasjon av statlege løyvingar (444 millionar kroner), kommunalt tilskott (179 millionar kroner) og bompengar (817 millionar kroner).

- T-forbindelsen er eit flott spleiselag, med bidrag frå staten, Rogaland fylkeskommune, Karmøy kommune og trafikantane. Prosjektet er eit godt uttrykk for sterk vilje og evne på lokalt hald til å samarbeide om gode løysingar som betrar trafikkforholda og legg til rette for å styrkje kollektivtransporten i regionen, seier Stoltenberg.

Stoltenberg og Navarsete er i dag på Karmøy for å orientere om forslaget frå regjeringa om utbygging og finansiering av T-forbindelsen.

- Utbygginga vil i tillegg vere med på å fremje samarbeidet mellom dei store og tunge næringsområda som ligg ved kvar si side av aust-vest-delen av T-sambandet, seier Navarsete.

Aust-vest

Det nye vegsambandet aust-vest er om lag 10,8 kilometer langt og går frå E39 ved Mjåsund i Tysvær kommune til riksveg 47 ved Håvik i Karmøy kommune. Om lag 7,8 kilometer av denne strekninga skal byggjast som ein samanhengjande vegtunnel under Førresfjorden og Karmsundet.

Nord-sør

Det nye sambandet nord-sør er på om lag 9,1 kilometer og går frå Fosen i Karmøy kommune til E 134 ved Raglamyr i Haugesund kommune. Denne strekninga får tre tunnelar, med ei samla lengd på 2,07 kilometer. Den lengste av desse tunnelane er på 1,2 kilometer, og går frå Fosen og nordover. Ei strekning inn mot E134 er planlagd med fire køyrefelt. I stigningane er tunnelane planlagde med tre køyrefelt, medan resten av strekninga får to køyrefelt.

Dei to ny sambanda møtest i eit kryss ved Fosen i Karmøy kommune, og krysset er planlagt som ei rundkøyring i fjellet.



Bompengar

Innkrevjinga av bompengar skal skje både som innkrevjing av forskotsbompengar i ferjesambandet E39 Mortavika – Arsvågen og som etterskotsbompengar. Innkrevjinga på ferjesambandet tok til 1. april 2001, og vil halde fram til vegprosjektet er ferdig. Innkrevjinga av etterskotsbompengar skal ta til når vegprosjektet er ferdig, med bomstasjon ved Mjåsund, på det nye aust-vestsambandet, om lag ein kilometer vest for krysset med E39.

I tråd med tidlegare avklaringar på lokalt og sentralt hald er det lagt til grunn at ferjesambandet Mekjarvik – Skudeneshavn vert lagt ned som riksvegferjesamband når T-forbindelsen opnar for trafikk.

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.