Murverk av lettklinkerbetong

Kvande har undersøkt fleire sentrale materialeigenskapar ved konstruktiv bruk av murverk av lettklinkerbetong. Materialoppførsla til slikt murverk under trykk-, strekk- og skjærpåkjenning er studert.

I tillegg er svinn-, kryp- og temperaturutvidings-eigenskapar gitt stor oppmerksomhet i arbeidet. Materialdataene skal gjere det mogleg å gjennomføre nøyaktige elementmetodeanalyser av lettklinkermurverk. For å kunne evaluere gyldigheita til material/modellparametrane som er bestemt i doktorgradsarbeidet, er det gjennomført fullskalaforsøk med lettklinkermurverk fasthalde mot svinn.

Dette arbeidet gjer betre konstruktiv bruk av lettklinkerbetongmurverk mogleg, og dannar eit viktig grunnlag for ytterlegare forbetringar av slikt murverk.

Avhandlinga har tittelen Investigations of some Material Properties for Structural Analysis of LECA Masonry . Ho er utført ved Institutt for bygg- og anleggsteknikk, NTNU, med professor Jan Vincent Thue som hovudrettleiar og professor Tore Haavaldsen som medrettleiar. Arbeidet er finansiert av Noregs forskingsråd og as Norsk Leca.