FORUM

Motorsyklistane og nullvisjonen

23. juni 2008 - 10:59

Denne veka går ein stor OECD-konferanse av stabelen på Lillehammer. Konferansen set søkelys på trafikktryggleik blant motorsyklistar, ei av dei mest utsette gruppene i trafikken. Regjeringa har gjort mykje for å betre tryggleiken for denne gruppa. Samstundes må alle trafikantar, også motorsyklistane, sjølve ta ansvar.

Å køyre motorsykkel er noko av det mest utfordrande du kan gjere i trafikken. Ikkje berre er motorsykkelen eit avansert køyretøy som krev spesiell kompetanse, motorsykkelen er også det klart farlegaste køyretøyet.

Eg er glad for at internasjonale undersøkingar viser at Noreg er det minst farlege landet å køyre motorsykkel i, og at ulukkesrisikoen har gått ned monaleg dei siste ti åra. Likevel vart 33 motorsykkelførarar drepne på norske vegar i 2007 og over 600 skadde, mange alvorleg. Det er sjølvsagt ikkje akseptabelt.

Rykte utan rot i røynda

Det har vore nokre misforståingar kring motorsyklar og nullvisjonen. Eg vil gjerne, ein gong for alle, avkrefte rykta om at vi meiner motorsykkelkøyring ikkje er mogleg å foreine med nullvisjonen. Regjeringa har sjølvsagt ingen planar om å forby bruken av motorsyklar i Noreg.

Tvert i mot har vi jobba særs aktivt med motorsyklistane, fordi nullvisjonen må inkludere alle lovlege trafikkgrupper. Og fordi motorsyklistane er meir utsette enn mange andre, må det spesielle verkemiddel til for å motverke ulukker i denne gruppa.

Effektfulle tiltak

Eg vil gjerne gje nokre døme på tiltak som er sett i gang, tiltak som har hatt stor effekt. Tiltaka spenner frå opplæring, handbøker, reine infrastrukturtiltak til tett samarbeid med bransjen og brukarane.

Køyreopplæringa for motorsyklistar har no blitt svært avansert. Nokon vil sikkert innvende at den også har blitt svært dyr. Det er ikkje ein menneskerett for nokon av oss å køyre på norske vegar. Den retten får du først når du har skaffa deg naudsynt kompetanse – og bevist at du har den. Det er styresmaktene si oppgåve å sørgje for at nye trafikantar på norske vegar er kvalifiserte. Ulukkesrisikoen gjer dette endå viktigare for motorsyklistane, noko som krev svært grundig køyreopplæring.

Vi har òg, i tett samarbeid med brukargruppa og trafikktryggleiksorganisasjonane, laga ei handbok for motorsykkeltryggleik, mynta på dei som jobbar med å planlegge og konstruere vegar og trafikksystem. Vegane våre er bygd med tanke på køyretøy på fire hjul, og det trengst auka kunnskapar for å gjere vegane tryggare også for motorsyklistane.

Det har òg blitt laga ein handbok om strategisk og teknisk motorsykkelkøyring som alle som kjøper motorsykkel får utdelt. Den gir verdfull informasjon om både til ferske og meir erfarne motorsyklistar. Dette tiltaket vart initiert og gjennomførd av brukarane sjølve, saman med motorsykkelimportørar og forhandlarane, og er eit tiltak eg er svært glad for.

Denne månaden opna Nullvisjons motorsykkelvegen i Telemark. Her er infrastrukturen, mellom anna etter innspel frå motorsyklistane sjølve, tilrettelagt for motorsykkelkøyring.. Det inneber blant anna underskinner på autovernet, gjennomtenkt plassering av skilt og fjerning av vegetasjon som hindrar sikta. Dette er effektive verkemiddel som ikkje kostar all verda, og som sjølvsagt kjem alle trafikantar til nytte.

Vegstyresmaktene har dessutan eit forskingsprosjekt gåande der dei ser nærare på ein del utvalde høgrisikogrupper, blant anna motorsyklistar. Målet er å få betre forståing for kva som forårsakar motorsykkelulukker, og dermed kva som kan forhindre dei.

Trafikanten har også eit ansvar

Trass alle desse tiltaka vil eg minne om at Nullvisjonen krev at kvar enkelt trafikant tek personleg ansvar i trafikken. Vi vil halde fram med å oppgradere infrastrukturen og føraropplæringa, men til gjengjeld må me kunne krevje at kvar enkelt oppfører seg ansvarleg i trafikken.

Den høge ulukkesrisikoen gjer dette kravet om mogleg endå høgare for motorsyklistar enn for andre trafikantar. Nokre få motorsyklistar latar til å tru at dei har ei «usynligheitskappe» a la Harry Potter, som gjer at normale trafikkreglar ikkje gjeld dei. Vel, den kappa verkar ikkje! Uakseptabel framferd frå motorsyklistar er tvert om kanskje endå meir synleg enn den frå andre trafikantar.

Ulukkesbiletet fortel oss at motorsyklistar treng merksemd frå andre trafikantar, men då positiv og ulukkesreduserande merksemd. Dei aller fleste trafikantar, både motorsyklistar og andre, respekterer trafikkreglane og oppfører seg fint i trafikken, men dei som ikkje gjer det, utgjer ei stor fare både for seg sjølv og andre. Skal vi nærme oss nullvisjonen, må også desse bidra, noko som er i alles interesse.

Til sjuande og sist er det trafikanten sjølv som betalar den høgaste prisen for uansvarleg framferd.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.