ARKIVNYHETER

Lyser ut asfaltkontrakter for 1.5 mrd

8. feb. 2010 - 09:54

– Summen er omtrent den same som fjorårets budsjett, før tiltakspakken, fortel sjefsingeniør Even Sund i Statens vegvesen. Han presiserer at forvaltningsreformen ikkje endrar denne prosessen frå tidligare år, ettersom Vegvesenet framleis fungerer som byggherre i sams vegadministrasjon av riks- og fylkesvegnett.

– Av dei 1.5 millardar kronene går om lag 520 millionar til statlege vegar, noko som er mindre enn i fjor, grunna at ein større del av vegnettet er overført frå stat til fylkeskommune, forklarer Sund.



Både riks- og fylkesvegar

Kontraktene gjeld mellom anna for om lag 2 470 km veg, der 1 800 km er fylkesvegar og 670 km er riksvegar. Sund forklarer at det er tilstanden på dei aktuelle vegstrekningane som er vesentleg her:

– Nokre delar av vegen treng berre litt lapping av mindre asfaltskader, medan det andre stader må utførast større arbeid.

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.