ARKIVNYHETER

Leonhard Nilsen og sønner AS byggjer Hjartåbergtunnelen

e Pedersen (LNS) og byggeleiar Rolf Stormo (Statens vegvesen). Framme frå venstre: Prosjektleiar Oddbjørn Pladsen (Statens vegvesen) og prosjektdirektør Frode Nilsen (LNS).
e Pedersen (LNS) og byggeleiar Rolf Stormo (Statens vegvesen). Framme frå venstre: Prosjektleiar Oddbjørn Pladsen (Statens vegvesen) og prosjektdirektør Frode Nilsen (LNS). Bilde: Svein Skeide/Statens vegvesen
Jarle Skoglund
25. mai 2011 - 08:51

Kontrakten omfattar driving av den 3480 meter lange Hjartåbergtunnelen, rehabilitering av Årsettunnelen (230 m), fire tunnelportalar, masseflytting og om lag fire kilometer veg i dagen.

– Dei kom med det lågaste tilbudet og vi har kontrollert at det er i samsvar med tilbodsgrunnlaget, seier prosjektleiar Oddbjørn Pladsen i Statens vegvesen. Regionvegsjef Berit Brendskag Lied har godkjent innstillinga.

Entreprenøren har alt begynt å gjere seg kjent i området. I starten av juni begynner dei å køyre utstyr til staden.



Første salve i slutten av juni

K.A. Aurstad, som er entreprentør for forarbeida, skal ha forskjæringa til den nye Hjartåbergtunnelen klar til 20. juni.

- Vi håpar og trur derfor at vi kan sprengje den første salva på beggje sider av Hjartåberget i slutten av juni, fortel prosjektleiar Pladsen. Da startar også utbedringa av Årsettunnelen.

Nye E39 mellom Løvikneset og Årset i Volda kommune vil gi ein rassikker og trafikksikker veg med god framkomst heile året. Vegen skal utbedrast for å tilfredsstille krava som framtidig stamveg og er forventa opna i november 2013.

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.