Klarsignal for Øyer - Tretten

  • arkivnyheter

Statsråd i dag er gjort framlegg om at utbygginga av E6 Øyer – Tretten skal gjennomførast på grunnlag av eit revidert kostnadsoverslag. Dei samla kostnadene for heile prosjektet skal, som tidlegare lagt til grunn, dekkjast ved ein kombinasjon av bompengar og statlege og fylkeskommunale løyvingar.





Kostnadsauke på 250 mill

I framlegget blir det vist til at kostnadene vil auka med 250 millionar kroner utover det som vart lagt til grunn då Stortinget i juni 2009 gjorde vedtak om utbygging og finansiering av prosjektet. Med den kostnadsauken som det no vert gjort greie for, vil bygginga av ny E6 på ei 13,5 kilometer lang strekning i Øyer kommune kosta 1 130 millionar kroner.

I prosjektet inngår bygging av ein om lag fire kilometer lang tunnel ved Skarsmoen, noko som fører til ei innkorting på vel to kilometer i forhold til dagens veg. Ny bru for fylkesveg 254 over Lågen er også ein del av prosjektet. Brua skal byggjast med midlar frå Oppland fylkeskommune. Dei delane av den nye vegen som ligg i dagen skal byggjast som tofelts veg med midtrekkverk og forbikøyringsstrekningar, medan tunnelen får eitt løp og midtfelt. I tillegg kjem ei omfattande utbygging av samanhengjande lokalvegnett og gang- og sykkelvegnett.





Endringar i kostnadsoverslag

I framlegget blir det vist til at kostnadsauken har samanheng med at viktige postar er kalkulerte for lågt i tidlegare overslag frå Statens vegvesen. Dette gjeld mellom anna rigg- og driftskostnader for entreprenøren og byggherrekostnadene til Statens vegvesen. I tilegg kjem kostnadsauke knytt til sikringsarbeid i tunnelen, to tekniske bygg i tunnelen og arbeid med mellombels omlegging av jernbanen i samband med bygging av ny undergang for fylkesveg 254 under Dovrebanen.





-Uheldig kostnadsauke

I forslaget blir det vist til at kostnadsauken er svært uheldig. – Det er klart at det ikkje er gjort eit godt nok arbeid, korkje i Statens vegvesen eller i den eksterne kvalitetssikringa av prosjektet. Samferdselsdepartementet vil i samarbeid med Statens vegvesen difor gå gjennom rutinane for fastsetting av kostnadsoverslag, for å vurdera om det må til endringar i desse rutinane, seier samferdselsministeren.