FORUM

Høgfartstog i Noreg

26. sep. 2007 - 17:39

SAMFERDSEL: Eg har nokre merknader til artikkelen «Høyhastighetststog vinner terreng» under Innsikt i Teknisk Ukeblad nr. 2707 der det vert påstått at høgfartstog er ein stadig viktigare bærebjelke i europeisk persontransport. Det er ei sterk overdriving i denne samanhengen å bruke ordet bærebjelke så lenge slike tog står for langt mindre enn ein promille av persontransporten.

EU har knapt 500 millioner menneske eller 110 gonger så mange som i Noreg, og EU har mange millioner km vegar og over 200 000 km vanlege jernbaner, og då er ikkje planane om 9000 km høgfartsbaner i år 2020 mykje. Samanliknar vi med Noreg, tilsvarar det vel 8 mil der, eller avstanden mellom Gardermoen og Asker, og der har vi alt høgfartsbaner på mestedelen av strekninga.

Når ein i TU fantaserer om at ideelle strekningar for høgfartstog er Göteborg – Oslo, Oslo- Trondheim, Oslo – Bergen, Oslo – Stavanger, så nærmar vi oss 2000 km med høgfartsliner, og det er 12 gonger dei strekningar ein har planlagt i tettfolka EU i høve til folketalet. Ser vi på utbyggingskostnadene for nye doble jernbaneliner i Asker dei siste åra, så vart dei 400 mill kr pr. km, og høgfartsbaner vert ikkje billegare enn dette. Då hamnar vi på ein utbyggingskostnad på minst 800 mrd. kr, og i tillegg kjem eit kostbart transportutstyr som skal vere tilpassa klimatiske tilhøve i Noreg, og då er vi raskt oppe i 1000 mrd. kr. Renter og avdrag og vedlikehald på eit slikt kapitalutstyr vert minst 100 mrd. kr pr. år, og brukarane vil heilt sikkert ikkje betale meir enn 10 mrd. kr.

I dag betalar ikkje passasjerane meir enn 2,5 mrd. kr for NSB sitt transporttilbod. Dette bidraget dekkjer ingenting av togkøyringa og berre halvparten av banekostnadene, resten vert dekt over skatesetelen. Den norske jernbana kostar nesten 11 mrd. kr pr. år og brukarane betalar mindre enn 4 mrd. kr pr. medrekna godstransport. Sju mrd. kr i årleg tilskot til jernbana er ei hard belastning på samferdslebudsjettet der vi knapt nok har midlar til vegutvikling og vedlikehald trass i at brukarane betalar inn nesten 50 mrd. kr årleg i seravgifter, men kva om jernbanetilskotet skulle aukast til nærmare 100 mrd. kr pr. år? Då måtte vi vel leggje ned store deler av skuleverket og helsetenesta?

Idar Mo, Sogndal

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.