Forelår firefelts E18 mellom Langangen – Grimstad

  • arkivnyheter

- For vidare planlegging ny E18 frå Langangen i Telemark til Grimstad i Aust-Agder skal Statens vegvesen leggje til grunn ei løysing med utbygging av firefelts veg langs dagens trasé, det såkalla ”alternativ 4”. Dette alternativet omfattar i hovudsak ei utviding frå to til fire felt. På einskilde strekningar skal ny firefelts veg leggjast i ein eigen trasé.

Beholder dagens veg

For strekninga Brokelandsheia – Vinterkjær, der det i dag er tre felt, skal ein behalde dagens veg. Når det gjeld planlegginga av strekninga nord og aust for Brevik skal ein dessutan utgreie eit alternativ med kryssing av Eidangerfjorden, før ein tek endeleg stilling til val av alternativ.

Dette opplyser samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at det no er gjennomført ekstern kvalitetssikring og ei utgreiing om val av hovudløysing for vidare planlegging av den 130 kilometer lange E18-strekninga Langangen – Grimstad, som er ein viktig del av stamvegnetet i Sør-Noreg.





Ber om omsyn til jordvernet

- I første omgang skal det gjennomførast utbygging på strekningane Langangen – Dørdal og Tvedestrand – Arendal, i tråd med opplegget i Nasjonal transportplan 2010 – 2019. Den vidare utbygginga må fastsetjast ut frå tilhøve som gjeld trafikkutvikling og lønsemd. Eg har elles bede Vegdirektoratet om å ta omsyn til jordvernet i planlegginga av strekninga E18 Langangen – Grimstad, seier samferdselsministeren.