FORUM

Dobbelfeil om linjeleiga

10. nov. 2004 - 15:46


Prisane for 1993 og 2003 var sette opp i ein tabell. For mitt fylke, Sogn og Fjordane, var prisen i 1993 22,7 øre. Eg har funne fram kraftrekninga mi fra 1991, og der betalte eg 31 øre for kraft og linjeleige, som då var under eitt. Linjeleiga kan då ha vore 12-14 øre. Her ligg altså feil nr. 1.

Ein får starte med starten og ikkje på hoppet.

Feil nr. 2 er at når TU foretek eit trekk for den generelle prisveksten, må ein vere klar over at ein brukar tal der kraftrekninga er med for å finne denne generelle prisveksten. Kraftrekninga ligg der som den tyngste av alle med omsyn til auke, og det er denne som mest dreg andre prisar med seg. Linjeleiga i dag for meg er 31 øre pluss ein fastleddsats. Ein annan slik fastleddpost var på k 700 kroner i 1991. I dag, med namnet fastledd energi, er satsen 2200 kroner, altså ei tredobling. Kor det er blitt av kraftgevinstene, gav ikkje artikkelen i TU noko svar på eigentleg.

Eg har sett på rekneskapsstatistikk for heile næringa for 1991 i SSB. I 2001 auka den totale omsetninga med 25 mrd, fra 65 til 90 mrd. Produksjonen gjekk ned frå 143 TWh til 122 TWh, og heile auken i omsetning skuldast prisvekst. Auke i elavgift på 2 øre/kWh ville utgjere 1,5 mrd, men resten er rein prisvekst på kraft.

Dette er dramatiske tal når ein ser at det å drive kraftnæringa, lønsutgifter og anna berre utgjer i overkant av 10 mrd. Renteutgiftene auka med 1 mrd, noko som tilseier 16-17 mrd i auka låneopptak, men kor kommar gevinsten? Jau, den går til å kjøpe ut kommunane frå kraftnæringa. Det syner stolpediagrammet i TU. For 2001 er den på heile 34 mrd. Resten er offentlege avgifter, elavgift og moms.

Den einaste konkurransefordelen næringane i landet har hatt - billeg kraft - held no på å bli skusla vekk av kommunestyra rundt land og strand. Veit dei kva dei gjer?

Magnar Juklestad

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.