Foto: Statens Vegvesen

Dekket lagt i Storagjel

  • arkivnyheter

Storstøypen på 330 kubikkmeter var opprinneleg planlagt utført i to av dei siste arbeidsdagane før jul i 2009. Men veromskiftet med tungt snøfall og streng kulde siste helga før jul førte til utsetting. 13. januar steig temperaturen oppover mot nullpunktet, og det var gode tilhøve for å få gjennomført oppdraget for Statens vegvesen og entreprenørane, opplyser Geir Brekke i Vegvesenet.

No står det att legging av membran og asfaltdekke på brua.

I løpet av våren vil venteleg dette vera på på plass, slik at trafikken på riksveg 13 kan bli lagt om og over på dei to bruene i Storagjel og Navragjel. Navragjelbrua blei ferdig støypt og asfaltert før vinterveret sette inn før jul.

Båe bruene inngår i første byggjesteg av rassikringsprosjektet riksveg 13 Brimnes-Bu, som skal vera ferdig til første juli i år.

Andre byggjesteg frå Nautaflot til Bu er ikkje finansiert. Men vegfyllinga over Bugjelet er komen godt i gang. Statens vegvesen får likevel ikkje set trafikk på denne delen av rassikringa før andre byggjesteg er på plass, med den 410 meter lange Nautaflottunnelen rett nord for Bugjelet, heiter det frå Vegvesenet.