Bølgeslag under plattformdekk

Flyterplattformer er optimalisert med hensyn til dimensjonar og vekt. Tradisjonelt har ein designa plattformene med tilstrekkeleg dekksklaring for at bølger ikkje skal kunne nå opp til dekket. Dette gir store og kostbare løysingar.

Vekt- og stabilitetshensyn gjer det ønskeleg å redusere dekkshøgda. Dette vil auke risikoen for bølgeslag under platformdekket. Nøyaktige berekningar for sannsynlegheita for bølgeslag mot dekk, og konsekvensane av slike slag, er ein føresetnad for god design.

Dei matematiske modellane er verifiserte ved hjelp av laboriatorieforsøk. Den eksperimentelle delen av arbeidet har også bidratt til auka innsikt i dei fysiske prosessane ved slike bølgeslag.

Ein presis metode for å rekne ut belastingar frå bølgeslag vil bidra til sikrare utrekningar av risikonivået ved bruk av flytande plattformer ved produksjon av olje og gass offshore.

Avhandlinga har tittelen Theoretical and Experimental Studies of Wave Impact underneath Decks of Offshore Platforms (Teoretiske og eksperimentelle studier av bølgeslag under dekk til offshore plattformer). Ho er utført ved Institutt for marin hydrodynamikk, NTNU, med professor Odd M. Faltinsen som rettleiar. Arbeidet er finansiert av Norsk Hydro.