Direktør i Jernbaneverket, Steinar Killi, har latt nynorskkyndige medarbeidere utfolde seg i budsjettkommentaren. (Bilde: Jernbaneverket)

Årets beste budsjettkommentar

Jernbaneverket - med bokmålstalende Steinar Killi i sjefstolen - sender ut pressemelding på nynorsk og mener budsjettet er på rett spor.

Ikke nok med det - han tar også utgangspunkt i et Ivar Aasen-dikt, videre i sin pressemelding, som her gjengis ordrett:



Eit skritt i riktig retning

Jernbaneverket får ein auke på 182 millionar kroner til investeringar og vedlikehald i regjeringa sitt endra statsbudsjett for 2006. Løyvinga til drift og vedlikehald av jernbanenettet aukar med 40 millionar kroner, medan nyinvesteringar aukar med 142 millionar kroner inkludert planleggingsmidlar.



-Denne auken, saman med regjeringa si stadfesting av målsetjinga i Nasjonal transportplan 2006 - 2015, er eit skritt i riktig retning, seier jernbanedirektør Steinar Killi. Jernbanedirektøren har også merka seg at regjeringa no vil vurdera eit opplegg for ei meir effektiv og samanhengande utbygging av jernbaneprosjekt.



Jernbanedirektøren kommenterer elles budsjettet på denne måten:



Jernbaneverket sitt budsjett



Fritt etter Ivar Aasen



Me vil alltid klaga og kyta



at det ganga so seint og so smått;



nei, me vil ikkje slutta å tyta



me vil byggja so mangt og so flott.



Til minister frå Sogn me fekk byta



og fekk von om eit storfint budsjett;



milliardar i jarnbanegryta



berre tanken gjer hugen vår lett.



Men statsråd, no skal du høyra,



meir kan du gjera i revidert;



me må halda deg litt i øyra,



og me lovar, det skal bli levert!



Ja, Liv Signe, på deg vil me lita,



når me kjem til totusenogseks;



nei, me kan ikkje leva på krita,



for trafikken den blomstrar og veks!