ARKIVNYHETER

215 nye millionar til veger i revidert

Samferdselsmninister Liv Signe Navarsete (Sp)
Samferdselsmninister Liv Signe Navarsete (Sp)
Jarle Skoglund
12. mai 2006 - 10:46

Regjeringa foreslår ein auke i løyvingane til vegføremål på i alt 516,2 millionar kroner. Av dette er 301,2 millionar kroner meir budsjettekniske endringar som ikkje direkte fører til aktivitetsauke, men som er utgifter som det er naudsynt å dekkje. Dette gjeld innbetaling av meirverdiavgift for to OPS-prosjekt ("offentleg/privat samarbeid") og ei teknisk justering som følgje av endra inntektsoverslag.



Den reelle aktivitetsauken for vegføremål blir etter dette til saman 215 millionar kroner, som er fordelt slik:

  • 136 millionar kroner til trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegnettet.
  • 78 millionar kroner til investeringar på riksvegnettet, medrekna 40 millioner kroner til rassikring.
  • 1 milllion kroner til kjøp av riksvegferjetenester – for å utvide tilbodet med nattferjer på sambandet Stavanger – Tau frå 1. juli i år.


40 mill til utbetring av vegar

Innanfor løyvingane til investeringar, drift og vedlikehald på riksvegnettet er det sett av i alt 40 millionar kroner til å dekkje uføresette kostnader til utbetring av skadar etter det uvanlege uveret på Vestlandet og i Trøndelag, i fjor haust og i januar og februar i år. Beløpet er fordelt med 25 millionar kroner frå investeringsposten og 15 millionar kroner frå budsjettposten for drift og vedlikehald.



116 millonar til asfalt

Av auken på 136 millionar kroner til trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar skal 116 millionar kroner gå til asfaltlegging. Med denne foreslåtte budsjettauken og den auken som vart vedtatt i desember i fjor etter forslag frå Stoltenberg- regjeringa, kan det dermed i år nyttast 704 millionar kroner til asfaltlegging på riksvegnettet. Dette er 179 millionar kroner meir enn det som i fjor haust blei lagt til grunn i budsjettforslaget frå Bondevik- regjeringa.



78 millionar til investeringar

Innanfor forslaget om ein auke på 78 millionar kroner til investeringar på riksvegnettet, er det ført opp i alt 40 millionar til rassikring. Midlane er fordelte slik:

  • 10 millionar kroner til riksveg 43 Aunevik – Bukkesteinen i Vest-Agder
  • 10 millionar kroner til riksveg 55 Stedjeberget i Sogn og Fjordane
  • 10 millionar kroner til riksveg 62 Fresvika – Jordalsgrend i Møre og Romsdal
  • 5 millionar kroner til E10 Fjøsdalen i Nordland
  • 5 millionar kroner til riksveg 91 Ura i Troms

Artikkelen fortsetter etter annonsen
annonse
Schneider Electric
Forenkler bærekraftsrapportering i datasentre
Forenkler bærekraftsrapportering i datasentre

I alt 13 millionar av tilleggsløyvingane til riksveginvesteringar går til tre gang- og sykkelvegprosjekt: 5 millionar kroner gjeld den statlege delen av kostnadene til bygging av ei ny kommunal gang- og sykkelvegbru over E6 ved Furuset i Oslo, medan 3 millionar kroner gjeld den statlege delen av kostnadene for bygging av gang- og sykkelveg på E136 i Lesja i Oppland. I tillegg kjem 5 millionar kroner til bygging av gang- og sykkelveg på E39- strekninga Ulven – Søfteland i Os i Hordaland.

Tilleggsløyvingane til riksveginvesteringar gir også rom for 25 millionar kroner som er sett av til utbetring av skadar på vegnettet, på grunn uveret på Vestlandet og i Trøndelag i november 2005 og januar og februar i år. Dette beløpet kjem i tillegg til at det innanfor den foreslåtte auken i vedlikehaldsløyvinga er sett av 15 millioner kroner til utbetring av skadar etter uveret.

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.